Mobbing og trakassering etter skuletid? Kva så??

Mange kjenner seg igjen i det å kvia seg til å gå til eller frå skulen,

til det det å måtte gå omvegar for å ikkje treffe på bøllene som gjøymer seg i buskane.. og kanskje koma forseint til skulen pga av dette, dei kjem entan til å mobba og slenga drit, trakassera, eller varta valdelege.

Det at ein ikkje får fred på fritida, eller det å bli utestengt frå fritidsaktivitetar.. det å vera den eine som alltid blir ståande åleine ute fordi du er ein fjerde person og det berre er tre som for låv å komma inn… Det verste er når dette berre er unnskuldingar og neste gång når du er den femte og det plutseleg berre er fire som får komma inn.. i det same huset.

Eller andre dårlege unnskuldningar som » Me har ikkje nåkk sitteplassar», eg .. ehm .. sovna .. ehm .. ja, va synd», Eller som ein gång eg ringer til dei og storebroren svarer at dei ikkje er heime, men eg høyrer dei i bakrunnen -«eg er ikkje dum, eg høyrer dei jo» » nei dei er ikkje heime», då høyrer eg dei le i bakgrunnen, i tilleg høyrer eg ein til eg kjenner stemmen til le høgt, då ber dei henne teie, «Hysj «Randi» vær stille», då fekk eg bekrefta at det va henne og.

«Eg høyrer dei jo, kvifor held dykk på slik med meg ?» dei ler meir.. det gjer broren òg «nei dei er ikkje det altså» dei ler meir og eg legg på.

Då undrar eg på korleis ein så og seia vaksen storebror som liksom skal være eit forbilde for sine mindre sysken, kan gjære noko slik?

Fritt spelerom

Dette med mobbing på fritida er noko lærarane meinar dei ikkje kan gjera noko med, noko dei ikkje har noko med å gjera, nei mange lar deg helst ikkje snakka om det, men om dei same elevane som mobbar på skulen også mobbar og trakasserar dei same elevane så på skulen på skulevegen eller i fritida, er det då ikkje noko lærarane kan gjera noko for å hjelpa?

For det at lærarane eller rektor ikkje kan gjera noko på dette feltet gir dei som mobbar fritt spelerom. Sjølv har eg opplevd medelevar utnytt denne moglegheieten » Haha, eg kan mobba deg så mykje eg vil no, for ingen kan gjer noko» osv.

Det er heller ikkje lett for foreldrene å prøva å få ein slutt på dette viss dei ikkje har f.eks lærarane å diskutera dette med. Kanskje er mobbinga svært omfattande at dei treng lærarane si hjelp?

Ingen vil gjera noko med dette, ingen vil ha dette ansvaret og ingen kan gjer noko med dette? er det så enkelt? Skal elevane få var kvar stygge med kvarandre dei berre vil, så lenge dette skjer på fritida? er det ingen som kan gjera noko?

Må få ein endring

Om me har møter kvar elevar, foreldre , lærear er samla for å ta opp mobbinga som har føregodt på skulen, kvifor kan ein ikkje med same få snakka om det som skjer på fritida, til og frå skulen! Der minst like galt, om ikkje verre!

Når det gjelder mobbing som skjer i skulen spør me oss, kven har ansvaret? kven kan gripa inn? Jo, ansvaret ligg på foreldrene, lærane, rektorar og elevane (altså alle) og det er dei som også skal gripa inn i mobbing og trakassering. Så kvifor skal ALLE ha ansvar på skulen, men ikkje Alle ha ansvar i fritida? Alle burde gå i saman og samarbeide om å få slutt på dette.

kvifor skal lærarane sleppe og i det heiletatt snakka om dette berre for at det er etter skuletida, så lenge det er den same skulens elevar som mobbar,trakkasserar og er valdelige med andre meddelevar som også går på same skule ??

Dei straffar jo elevar som knuser eit skulevindu sjølv om det er på fritida. Dei øydelegg noko på skulens eiendom, men mobber dei ein elev på skulen øydelegg dei jo ein av deira skules elevar i tillegg er dette også med på å øydelegge skulegangen, så det burde jo være viktig for lærane å få ein stoppar på dette?

Eg meinar at så lenge det foregår mobbing eller verre skal alle ha ansvar foreldrene, lærane, rektorar, elevane forbigåande osv. det burde vore obligatorisk!

Så om du er lærar og ein vil snakke med deg om mobbing i fritida lytt i allefall, og sjå om det ikkje er noko du som elevens lærar kan gjera..

 

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.