Stopp mobbingå, berre gjer det!!

Det versta eg visste når eg blei mobba når eg lita var når vaksne mennesker berre gjekk forbi utan å bry seg om det som skjedde..

Eller det verka kanskje slik,  for dei brydde seg vel..  inni seg?

Verre enn mobbing

For når du er lita og vert mobba er det utruleg smertefullt, men å vaksne mennesker berre går forbi er dette verre,  endå verre og då er du nesten med på mobbinga.

Eg hugsar endå alle dei gångene eg blei såå ufatteleg lurt, alle dei gångene eg tenkte » å jess, nå kjem dei til å få det! » , men nei med næsen i sky, vandrer i mod by..   For den kjensla når du fyrst blir overlykkelig og letta til brått bli så skuffa er som ein kniv som skjærer sakte gjennom magen. Slik var det kvar gång, ein kunne sjå at dei fekk det med seg,  ein kunne sjå det litt usikre og litt forvridde ansiktsuttrykket. Like sant så sist gång så ser dei brått opp i lufta eller ned i bakken når dei går forbi eller helst tar ein snarveg om dei kan det. Det verste er dei som bit på eller skal eg sei later som dei bit på at berre for at mobberen sluttar av der og då så er det visst greit. Det iallefall det dei innbiller seg sjølve for å liksom sleppe å gripa inn,  for ingen vaksne mennesker er vel så » dumme » at dei innerst inne ikkje forstår at dette ikkje er tull eller lek ? Så har du mobberen sitt råttne smil når han ser at du trudde at den forbigående skulle gripa inn,  men allikevel ikkje gjore det.

Det evige spørsmålet

Så sitt eg her då og ennå undrer på på kvifor vaksne berre går forbi?  Kva som får ei person som kanskje er gift,  har born kanskje voksne born, vert igjennom krangler og gleder. Kva er det som gjer at dei som kanskje gått igjennom livet på godt og vondt ikkje klarer å stoppe et barn frå å oppleva ein smertefull ting som er med på å gi dei eit arr for livet?

Dei to verste eksempla eg har er frå skulegarden ingen av handler om meg, men om to episodar eg var vitne til begge handler om gjengmobbing mot eit offer kvar det er snakk om grusom utestengjing, ondsinna ord, vald og kasting av offerets eiendeler. Mobbing med så stor M at det ikkje er mogleg å ikkje få det med seg. Begge gångene kjem det voksne ansatt på skulen til staden bak gymsalen der det skjedde. Eg forstår ikkje kvifor læreren som er plikta til å gripe inn berre kan stå med open munn å sjå dette og så gå igjen !? Eller kva med Kjell vaktmeisteren? Kva får han til å ha samvittighet til å løfta hovudet ,plystra og ikkje bry seg meir?  Og selvfølgeleg når eg fortel det til andre lærarar eller rektor bryr heller ikkje dei seg eller så vil dei ikkje tru meg.. KVIFOR!?

Bry deg meir,  grip inn!

Ja, for det er no ein gång slik at mange voksne kviar seg for å gripa inn, dei får ein vond kjensle som liksom stopper dei, men er ikkje den kjensla av å ikkje gripa inn verre?  Om eg tenker på meg sjølv som born så greip eg alltid inn sjølv om eg hadde dårleg sjølvtillit og var blitt sjenert etter åravis med mobbing, eg klarte rett og slett ikkje gå forbi. Og derfor vil eg at fleire vaksne skal ta seg sjølv ei stripa og gripa inn ! Kom igjen då, du er eit stort sterkt menneske det klarer du! Du klarer vel å sei » hei du, stopp det der! » Om du ikkje tør eller orker så skal du veta at du kan bety ein forskjell i livet til ein person som kanskje nettopp derfor orker å forsatt leve livet sitt.

 

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.