For få stopper mobbing på gata..

i for eit par dager sidan las eg sak i tv 2 nyheitene sine nettsider, som gjor meg fyrst veldig veldig leie meg, men også litt glad på eit vis. Treningsbloggar Lars Zachariassen snakker om at han nyleg konfrontrerte noko som dreiv på med grov baksnakking og mobbing av andre på treningssenteret.

Eg er glad for at Zachariassen tek dette opp på bloggen sin og han er ein som tørr å konfrontera slik frekk baksnakking og grov mobbing. Noko me dessverre har for lite av er slike mennesker som faktisk tørr å stå opp for andre.

Les saka her : https://www.tv2.no/nyheter/10066772/

Blogginnlegget til Zachariassen Kan du lesa her:  http://www.larszachariassen.no/2018/09/04/3435/

 

 

Viktig å ta opp

Alt for mange der ute har akkurat slik holdningar Lars Zachariassen snakker om, og akkurat det slike treng å veta er at folk har øyrer og høyrer kva dei seier!
Dei bør få veta at dei ikkje åleina når dei snakker slik.

For å væra heilt ærleg skulle eg ynskja at eg var like tøff sjølv. Det har hendt eit par gånger livet mitt at eg har stoppa mobbing ute i gata. Ein episode fant stad utanfor skulen. Eg var på veg inn til skulen og var redd for at dei starta på igjen itte eg var gått, men følte det var viktig å visa at dei ikkje var åleina her. Eg tenkte selvfølgeligt mange gånger at eg kunne gjort meir, men eg var berre eit born.

I voksen alder har eg tenkt at eg var jo eldre en dei, at eg kunne tatt  mobbeofferet med inn i klassen sin eller tatt dei med meg til rektor. Det var innom tanken min, men rektoren på Bryne skule der eg gjekk den gången var lite sammarbeidsvillig elles når det gjaldt mobbing og når det galdt mobbing avviste ho alt.

På sosiale medier er eg ikkje redd, der seier eg meininga mi om det så er at eg får mange i mot meg, tenker eg ofte at dei ikkje treng å sitta åleina å tru dei kan slenga dritt om andre. Det kan var tøft å sei i frå til umodne vaksne som har ein «hogge» instilling, men det er nok derfor mange lar var om det er på facebook eller på gata.

Eg vonar at folk i framtida kan verta flinkare til å gi beskjed når nokon gjer noko som er alvorleg galt, for ein dag kan det vara du som treng hjelp.

Vonar at dette kan væra ei oppfordring til folk der ute: Var med og ta ansvar!

Veldig skuffa over folks haldninger

Det eg verte svært lei meg for er at det faktisk finnes folk både snakker og tenker stygt om andre dei berre ser gå på dei same plassane som dei sjølve. Både ute og på sosiale medier ser eg grove påstander og drittslenging.
Kor kjem slike holdninger frå?

Når eg er ute på ting sjølv kjem eg ikkje på å tenka frekke ting om folk. Eg tenker «flotte sko, så fin på håret, så kult han danser», og ikkje «gjer hu det ikkje litt feil, så lat, så fæle klær» osv og eg både håpar og trur at folk flest ikkje tenkar slik.
om eg er ute å går tur kjem eg ærleg talt ikkje på å tenka at nokon er late fordi går seint eller tar snarvegar. Det er slikt eg ikkje legg merke til eingång . .
veit folk som tenker slik kor langt vedkomande har gått eller hardt dei har trent før dei traff på han?

 

kvifor tenker mange så negativt kun av å sjå nokon ein gång eller to ?

Kvifor trekker folk i dagens samfunn så raskt så negative beslutningar om folk dei eigentleg ikkje veit noko om?

 

 

Elin, Stopp Mobbing!

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.