Når karakterpress tar liv

Presset hjå unge aukar.

Kropspress, motepress og ikkje minst karakterpress.

Det som er synd er at du må leva med karakteren ut livet om du har blitt så øydelagt at du ikkje greier meir skule.

Kva skule du får ta, kva utdanning du får , jobb du får osv.  Karakterar kan skapa utfrysning og mobbing.  Til og med som voksen i visse sosiale samanhenger, miljø osv kan høge eller låge karakterar frå grunnskulen skapa at du blir skilja ut.

 

At draumen din kan bli øydelagt pga. karakteren i grunnskulen. Alt dette skaper eit enormt press henger over deg heile skulegangen og kanskje vidare i livet.

Om du blir så mobba, blir sjuk eller av ein eller anna grunn må slutta skulen finns det ikkje noko system som hjelper deg opp og fram og du kan bli ståande utan karakter. Det kan øydeleggja utdanningsdraumen.

Då kan det hende du får eit press på deg til å gå på skulen, sjølv om du eigentleg er alt for sjuk eller er utslitt / øydelagt pga. mobbinga. Har kroppen sagt stopp, kan det bli verre om ein presser seg.   I dette tilfellet bør det vara eit hjelpeapparat som hjelper ungdommane opp og fram, men slik hjelp er det for få som opplever.

 

Karakterpresset du går igjennom på skulen kan skapa traumer i ettertid som gjer det vanskeleg i ettertid igjennom jobb, sosiale samanhenger osv.  Ein kan tenka på om ein gjer alt rett til ein kvar tid.

Hugsar du «Noreg på dop» ? Der snakka om presset som gjorde at f.eks. nokon av dei som utdanna seg til legar som måtte dopa seg for å klara utdanninga. Me vil heller ikkje ha slike leger.

Denne artikkelen er skrevet av ekne erfaring frå skulen, gjennom kjente, gjennom mitt arbeid i «Stopp mobbing og skap gode skulemiljø». Eg har lest og høyrt alt for mange slike historier og det finnes ikkje nokon statistikk kor ofte dei verste tilfellene skjer, men i dei verste øydelegg karakterar skulegangen og liv så kva gjer meg med dette?

Eg tenkjer også på at karakterjaget siler vekk mange dyktige mennesker som kunne blitt både gode leger, advokater, lærerar osv. samstundes som me har mangel på utdanna  folk i mange viktige yrker.

Karakterar frå grunnskulen skiljer ikkje kven som kan eller ikkje kan eit yrke, men kven som skal få lov å koma inn på kva skule etter grunnskulen osv.

Eg meiner at det er ein svart kvit tankegang å tenke at dei med best karakterer frå f.eks. ungdomsskulen blir best lege. Kva har Karakteren me fekk som 15 åring å sei for meg som 40 åring? Ein dårleg lege er ikkje automatisk god pga. karakterene som tenåring og ein anna som ville blitt både hardtarbeidande og dyktig lege får kanskje ikkje koma inn på skulen ein gång fordi tilfeldigheter gjorde det slik at karakterene ikkje blei gode nok. 

Når ein per i dag ikkje får bli fiskar fordi karakterene i matte og Norsk ikkje er gode nok så har det godt for langt med karakterjaget meiner eg.

 

 

Heng mobbing og karakterpresset i Saman? Kva løysning finnes for dei verste tilfellene slik at ein heller kan hjelpe elevane opp og fram?

Bør skulen bli meir tilpassa elevane?

Elin 🙂

https://skoleaviser.no/smiodden-skoleavis/article/hva-kan-vi-gjoere-med-karakterpress

https://www.dagbladet.no/kultur/ble-syk-av-karakterjaget/72587536

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.