Mobbing i Bykle kommune – Innlegg frå følger

Dette innlegget er skrevet av Sladjana Breive

Bykle kommune: Det holder ikke å beklage seg via avisen…. Her snakker vi om det kjæreste vi har, nemlig BARNA som har hatt det helt grusomt over lengre tid 😢❤️ Her snakker vi om mobbing som har foregått over lengre tid og i mange år 😡 Personlig beklagelse er innafor her, det er det i det minste dere kan gjøre for alle involverte her! Her snakker vi om mange år med mental og fysisk mobbing ( kvelertak rundt halsen, slag i hodet, sparking, knyttnevene, utestenging, osv. Her snakker vi om hjelpeløse barn & foreldre som kom ingen vei, bare for å bli latterliggjort og ikke trodd på, eller at det må tåles litt, osv. Mange involverte har tatt tøffe og drastiske steg, tom flyttet pga utrygt skolemiljø 🥲❤️ Jeg vet hva jeg snakker om, vi er også dessverre en av de som måtte flytte pga mobbing på skolen 😡 Trodde aldri etter mine 28 år i kommunen, mannen som er født og oppvokst der at vi skal være en av de som måtte forlate alle kjære og nære 😢 Ta det drastiske steget og flytte. Hører hele tiden via avisen at seniorrådgiver i Bykle kommune, Kjetil Vik har jobbet hardt med saken, jobbet mot mobbing og forbedret situasjon???? Jeg lurer på hvordan det er mulig når han har ikke tatt kontakt med de det gjelder ( nemlig oss ) ? Kjetil Vik startet i jobben for Bykle kommune, høsten 2022 vi flyttet 1. februar 2023 og vi hjemme har ikke hørt en pip fra han…. Burde ikke han tatt kontakt med de det gjelder, snakke om situasjon, jobbe med saken for tryggere skolemiljø med de involverte??? Han hadde flere måneder å kontakte oss. Vi har dessverre ikke hørt noe fra han………Forlate gode venner, kolleger, familien, bla besteforeldre som savner barnebarnet sårt, selge huset, si opp jobb, osv. 😢😡 Så nevner igjen,

Les innlegget i Dagbladet:

https://www.dagbladet.no/nyheter/kommunen-beklager/79748149

Når karakterpress tar liv

Presset hjå unge aukar.

Kropspress, motepress og ikkje minst karakterpress.

Det som er synd er at du må leva med karakteren ut livet om du har blitt så øydelagt at du ikkje greier meir skule.

Kva skule du får ta, kva utdanning du får , jobb du får osv.  Karakterar kan skapa utfrysning og mobbing.  Til og med som voksen i visse sosiale samanhenger, miljø osv kan høge eller låge karakterar frå grunnskulen skapa at du blir skilja ut.

 

At draumen din kan bli øydelagt pga. karakteren i grunnskulen. Alt dette skaper eit enormt press henger over deg heile skulegangen og kanskje vidare i livet.

Om du blir så mobba, blir sjuk eller av ein eller anna grunn må slutta skulen finns det ikkje noko system som hjelper deg opp og fram og du kan bli ståande utan karakter. Det kan øydeleggja utdanningsdraumen.

Då kan det hende du får eit press på deg til å gå på skulen, sjølv om du eigentleg er alt for sjuk eller er utslitt / øydelagt pga. mobbinga. Har kroppen sagt stopp, kan det bli verre om ein presser seg.   I dette tilfellet bør det vara eit hjelpeapparat som hjelper ungdommane opp og fram, men slik hjelp er det for få som opplever.

 

Karakterpresset du går igjennom på skulen kan skapa traumer i ettertid som gjer det vanskeleg i ettertid igjennom jobb, sosiale samanhenger osv.  Ein kan tenka på om ein gjer alt rett til ein kvar tid.

Hugsar du «Noreg på dop» ? Der snakka om presset som gjorde at f.eks. nokon av dei som utdanna seg til legar som måtte dopa seg for å klara utdanninga. Me vil heller ikkje ha slike leger.

Denne artikkelen er skrevet av ekne erfaring frå skulen, gjennom kjente, gjennom mitt arbeid i «Stopp mobbing og skap gode skulemiljø». Eg har lest og høyrt alt for mange slike historier og det finnes ikkje nokon statistikk kor ofte dei verste tilfellene skjer, men i dei verste øydelegg karakterar skulegangen og liv så kva gjer meg med dette?

Eg tenkjer også på at karakterjaget siler vekk mange dyktige mennesker som kunne blitt både gode leger, advokater, lærerar osv. samstundes som me har mangel på utdanna  folk i mange viktige yrker.

Karakterar frå grunnskulen skiljer ikkje kven som kan eller ikkje kan eit yrke, men kven som skal få lov å koma inn på kva skule etter grunnskulen osv.

Eg meiner at det er ein svart kvit tankegang å tenke at dei med best karakterer frå f.eks. ungdomsskulen blir best lege. Kva har Karakteren me fekk som 15 åring å sei for meg som 40 åring? Ein dårleg lege er ikkje automatisk god pga. karakterene som tenåring og ein anna som ville blitt både hardtarbeidande og dyktig lege får kanskje ikkje koma inn på skulen ein gång fordi tilfeldigheter gjorde det slik at karakterene ikkje blei gode nok. 

Når ein per i dag ikkje får bli fiskar fordi karakterene i matte og Norsk ikkje er gode nok så har det godt for langt med karakterjaget meiner eg.

 

 

Heng mobbing og karakterpresset i Saman? Kva løysning finnes for dei verste tilfellene slik at ein heller kan hjelpe elevane opp og fram?

Bør skulen bli meir tilpassa elevane?

Elin 🙂

https://skoleaviser.no/smiodden-skoleavis/article/hva-kan-vi-gjoere-med-karakterpress

https://www.dagbladet.no/kultur/ble-syk-av-karakterjaget/72587536

 

 

 

Å satsa på mobbing er å satsa på jobb og utdanning.

Mobbinga påverkar skularbeidet direkte, men i tillegg:

Mobbinga påverkar søvn, dårleg søvn påverkar skularbeidet.

Mobbinga påverkar sjølvtilliten som påverkar skularbeidet.

Mobbinga påverkar energi og livsglede som påverkar skularbeidet.

Mobbinga påverkar konsentrasjonen som påverkar skularbeidet.

Mobbinga påverkar vilje og motivasjon til å læra.

Skularbeidet og elevane sin vilje til å læra påverkar utdanning.

Av å satsa på bekjempa mobbing er å satsa på utdanning av helsepersonell, lærarar, snekkara, kokker, ingeniører osv.

Det ingen tvil om at arbeidet mobbing bør trappas opp. Mobbing påverkar ikkje berre skulegangen,  men også kvardagen og livskvaliteten til dei som blir mobba.

Familie og spesielt foreldre og sysken av den som blir mobba i åravis blir påverka. Det blir smertefullt for alle når nokon ein er glad i blir utsatt for langvarig og grov mobbing.

Tar ikkje mobbingå på allvor

Mange forstår fortsatt ikkje heilt kva mobbing er. Dei veit kva mobbing er og synes mobbing er svært dumt, men har aldri opplevd mobbing på kroppen sjølv og derfor ikkje same oppfattning av kva mobbing faktisk og kva det gjer med kroppen.

Det kan vara grunnen til at mange ikkje ser viktigheten i å få bekjempa mobbing på same måte, og då også snarast mogleg. Dei veit det er vikig, men ikkje kor viktig og veit mobbing ikkje er bra, men kor fælt og smertefullt faktisk det er, veit dei ikkje.

Mange lærere, rektorar, politikere og andre andre som har makt til å gjer noko med det tar diverre ikkje mobbing nok på allvor.

Dei bruker så lang tid på diskusjonar foran handling. Kanskje fordi dei ikkje heilt forstår alvoret og viktigheten i å få dette gjort fort.

Viktig for framtida

Når det kjem til mobbing må ein handla snarleg og ikkje dilta med diskusjon og tafatte holdninger.

Mobbing er eit samfunnsproblem som rammer oss alle, men dessverre finnes dei som ikkje ser det frå den vinkelen då dei sjølve ikkje er blant dei blir mobba.

Mange forstår forsatt ikkje at mobbing har den kraften den har og at mobbing påverkar samfunnet vårt i stor grad som det faktisk gjer

Mobbing påvirker folkehelsa,  utdanning arbeidsplasser.  Det kan føra til fleire å hjelpa,  men mindre som kan hjelpa dei.

Problemer til å fylja stillingar då mange dropper ut og ikkje får utdanning,  andre må kanskje på trygd pga. fysiske / psykiske ettervirkninger av mobbing.

Tenk om dei som fått øydelagt livet og skulegangen av mobbing heller kunne fått starta bedrifter og skapt arbeidsplasser, utdanna seg til noko av me har hatt mangel på, jobba frivillig, hjulpet andre eller jobba  hjelpeapperatet.

Mange som kunne gjort noko nyttig for seg og samfunnet, er kanskje innlagt på psykiatrisk, lever på trygd eller får verken jobb/hjelp til jobb eller penger å leva av.

Mange må i tillegg etter hard skulegang utan å få hjelp også  i lang slosskamp mot systemet i etterkant for å få inntekter og/eller hjelp til å koma seg opp å fram.

Er det dette me vil? Er dette å ta landet framover? Her har Noreg ein jobb å gjer.

Skal me satsa på arbeid og utdanning, må me satsa på arbeid mot mobbing

Me må satsa på tiltak mot mobbing, bli ein heil del betre på hjelpa dei som av ulike årsaker sliter på skulen og i samfunnet opp og fram og ikkje minst på å hjelpa øydelagte/ sjuke vaksne med penger / jobb og fritidstilbud.

Det er mange årsaker til at folk treng hjelp og her har me ein veg å gå, men det er viktig at dette arbeidet prioriteres for samfunnet vårt og for enkelt menneskene.

 

Korleis få alle elevane gjennom skulen?

Må alle vara like og gjera likt?

Alle veit at ingen er like, me lærer ikkje likt og kan derfor ikkje forventa at alle skal greie skulen på same måte eller gjennom same opplegget.

Må det i det heile vara vanskeleg å gjennomføre?

Kan me klara å få til ein skule meir tilpassa elevane, måten dei lærer og måten dei er på?

Tunge og lange dagar

Når ein unge skal møta opp på skulen til same tidspunkt og gå heim på same tidspunkt, gjer dei same tinga og på faste dagar, sitta i same klasserom, og til same tid  kvar einaste dag og i mange år i frå 6 års alder, kan mange ungar oppleva det som svært slitsomt.

Det er den same tralten kvar veke, kvar månad år etter år til dei ferdig med vidergåande. Nokon seier – men det er likt for alle, men alle opplev det ikkje likt. For mange unger er det lange, tunge dagar og når dei kjem heim er det tunge lekser, kvar dag. Nokon ungar veit nestan ikkje kva fritid er då skulerutinen sliter dei ut og lekser tar fritida.

Det er bra at ein diskuterar leksefri skule osv. men det er er dumt for dei elevana som allereie sliter med dei lange dagane, at for å sleppe leksene skal skuledagen bli endå lengre.

Tidleg skuletrøyte

Mange blir skuletrøyte tidleg.

Det kan væra så mange tifeldigheiter som spelar inn om ein greier å fullføra skulegangen og kva karakterar ein får allikevel skal karakterane og skulegangen frå ei tid ein kan oppleva utfordrande blir feil. Ein er i uvikling, mange har det vondt, det er mykje som skjer fysisk og psykisk, venner og kjærestar kjem og går,mobbing, press, sjukdom, Mange ting er med å gjer livet til ein berg og dalbane. Denne berg og dalbanen kan påvirke skulengangen, karakterar og om du klarer utdanning. Dette er svært galt og me bør få forandringar som kan hjelpa elevane gjennom skulen om dei er på den eine eller andre måten.

For mange ungar opplever karakterpresset tungt og det kan øydeleggja heile skulegangen.

Det er ikkje nok å fullføra, ein må ha ein viss karakter for å koma inn på ein skule for bli det ein drøymer om, dette presset kan knekka ein. Å ikkje klara skulegangen eller ikkje få høge nok karakterar, betyr ikkje at du er dum, ikkje klok eller ikkje har kunnskap.  Det betyr heller ikkje at du har mindre kunnskaper enn dei med høge karakterer eller at du ikkje har kunnskap til klare det yrket du ynskjer å ha seinare i livet.

Denne einsformige rutina er tung for mange, så kjem karakterpresset utanom ein blir skuleleie og mange slutter å møta opp.

Denne tida i livet kan prega resten av livet.

Tenka nytt, tenka framover

Sjølv om ein byrjar på skulen bør ein forsatt få lov til vara barn. Skule skal ikkje øydelegga barndommen. Som det resurssterke landet me er bør me klara å skapa ein meir fleksibel skule som ser ungane sine behov og får dei opp og fram. Ingen er like, derfor bør skulekvardagen heller ikkje var lik for alle elevane. Kvifor er det så vanskeleg å klara å laga ein skule der elevane sin skulekvardag er oppsatt forskjellig? sidan dei alle er forskjellige.  Me må kunne klare å få elevane gjennom grunnskulen og vidare dei ynskjer å utan karakterpress, skulepress, hard rutine og mobbing.

Me som land treng at endå fleire får gode jobbar og for å klara det må me sjå elevane. Me treng å våga å tenka nytt.

 

 

 

 

Anna og Eli – tinga sin økonomiske verdi

Eg forsøker å skape forståelse i samfunnet for  forskjellig økonomisk ståsted. Derfor lager eg historier om Anna og Eli.

Håpar folk får sett ting frå eit anna perspektiv med desse historiane.

Tingas økonomiske verdi

Anna føler at ei bukse til 100 kr er billigt.

For Eli sin økonomi er 100 kr for ei bukse alt for mykje.

Anna meiner at 50 kr for ei t-skjorte er alt for billigt medan 50 kr for t-skjorter er det høgste Eli kan gi.

 

Anna selger heimalaga gåver, men for Eli sin økonomi er 300 for mykje for eit par hansker. Anna liker ikkje når folk ikkje ser verdien i det hu har laga. Eli ser verdien i det Anna har laga, men kan kan ikkje bruke 3 hundrelapper på EIT par hansker.

 

For Anna er 50 kr lommerusk. For Eli er 50 kr halvparten av ein heil hundrelapp, men bruker allikevel 50 kr på heimelaga hansker ein annan stad og dei andre resterande 50kr på andre heimelaga smågåver.

Dette er 100 kr Eli kunne brukt på litt mat til et par dager og husholdningsvarer, men valgte å bruke for å støtte nokon med det litla hu kan.

 

Som sagt Eli ser verdien i tinga folk lager, men frå eit heilt anna økonomisk ståstad.

 

 

 

 

Sjølv i desse dagar tar ikkje andre allvorlige sjukdomar pause..

Er du så heldig at du ikkje har ein kronisk, usynleg sjukdom så kan du ikkje klandra dei som ikkje har Korona som fyrste prioritering. Folk kan selvfølgelig bli smitta, men skal dei då gå rundt å var redde og bekymra i kvardagen også oppå alt?
Dei gjer så godt dei kan. Dei tar avstand, held seg så mykje som mogleg inne og vasker hender.. Kan ikkje tvinga dei til å bli hysteriske, dei har andre ting å tenka på også.
Sjølv i desse dagar forsvinner ikkje andre alvorlig sjukdomar ol. Om mange mennesker tar pause frå normalen nå tar ikkje kroniske og andre sjukdomar, pause.
lungesjukdomar, kroniske smerter, psykiske lidelser mm tar ikkje pause..
Eg synest det er feil å prioritera å teste om ein forkjølt person kanskje kan ha Korona en å behandla ein kreftpasient for eksempel.


Eg synest det er trist å sjå at svært mange tar så stor hensyn til Korona utan at ein både i desse dagar og elles i samfunnet tar så lite hensyn til folk med andre alvorlige sjukdomar. Folk med andre sjukdomar betyr liksom så lite, Korona kjem fyrst. Sjølv om mange lev med dødelige sjukdomar.
Og dei som lev med sjukdomar ein ikkje kan døy av sjukdomen, kan symptonane bli så allvorlige at livet kan bli meir smertefullt.
Eg meiner desse menneska ikkje skal føla seg mindre viktige, men i dag blir dei nerprioritert.
Å ta forhåndsregler er greit, men at så mange spriter seg slik at andre for astmanfall ? Eller eit menneske som går med maske for å ikkje spreie Korona medan dei perfymerar seg slik lungesjuke får allvorige problemer
Nokon fylgjer Koronareler, men skuttar, mobbar og ler av andre som er sjuke o.l. Eg ser mennesker holde avstand pga. Korona, men baksnakke folk med usynlege sjukdomar. Koronamasker bli slengt i frå seg inne på butikkgulvet og ute i naturen, og den 2. røykelova og passiv røyking er visst ikkje tema lenger..? sjølv kor mange liv det tar?
Eller i det heiletatt ta hensyn til andre mennesker..
Eg ser kaffear o.l. som følger Koronareler, men kor er rullestolrampa? Men alt dette er vel i grunnen heilt greit, ein er visst ei god samfunnsborger berre ein fylgjer Koronareglene?
Men visst ein person med usynleg sjukdom ikkje ynskjer å ta vaksina eller ikkje kan sprita hender pga. allergi, då skal du sjå dei blir utskjelde.

Har ikkje ord, dette må ta slutt!

Utruleg trist at mobbing  ikkje ennå har kome opp som fag på skulen! Altså ungane må lære kva mobbing virkeleg er og kva det gjer meda kroppen. Eit fag på skulen der dei snakka om mobbing må opp. i dette faget må dei snakka om fylgjande: Mobbing og eins virkning, psykisk helse, samfunnet og forskjellane på mennesker som f.eks sjukdomar og tilstander som påvirker vår varemåte, kropp og utsjåande, økonomiske forskjeller osv og det i oss som gjer oss like mykje verdt. Ein anna ting som er viktig og ta opp er å snakke til elevane som eit team slik at dei forstår viktiheita av å hjelpa kvarandre opp.   "Gi meg et tau, eg vil ta livet mitt"  Sjå gjerne denne snutten: https://www.facebook.com/NewsnerNorge/videos/633795757352846/

Mange set forsatt heilt åleine. .

Det er bra at det er opna for sosiale samenkomster slik at vener kan møtast ute igjen, men er det nokon som har tenkt på dei som ikkje har vener?

Einsemd kan ramma alle

Mange mennesker kan bli einsame, mange kan leva i einsemd lenge. Nokon har psykiske eller fysisk utfordringer, andre har ingen slike utfordringer og er friske på alle måter. Du kan leva i mange år var populær og mange venner, nokon år seinare set du der heilt åleine uten nokon år ringa når du treng det.

Einsemd kan ikkje planleggast.

                                «Folk kan ringa og bestilla bord, men dei som ikkje nokon å ringa til?»

Mange er einsame då det helst er opna for bordbestilling for vener/ familie.

Då reglene er så strenge at ein mange stader ikkje har lov å gå bort til nabobordet å snakke, er det ikkje mykje for dei som er heilt åleine å gå ut på, ikkje for dei som går ut for å treffa nye folk. (Frammande kan fint dela bord dersom ein vasker hendene, held avstand og sitter ved større bord)

 Saknar tiltak

Kva tiltak har blitt gjort for å hjelpa desse? Eg har ikkje sett dei har opplyst om noko slik. Folk kan ringa og bestilla bord, men dei som ikkje nokon å ringa til? Har noko satt igang tiltak der frammande kan møtast ute? eller møtast andre andre stader gjer noko ilag under smittevernstiltak? kanskje bli nok kjent til å ringa eller var på skype i saman..

Nokon er også fysisk eller psykisk sjuke eller har spesielle behov og sosiale samvær er svært viktig del av kvardagen. Mange sliter pga. desse strenge tiltaka og mange får ikkje den hjelpa eller dei sosiale samværa dei treng for ha det greit i kvardagen.

Dei har klart å få folk på jobb og skule, dei har opna restauranter og puber, ja konserter til og med. Kvifor gjeres det så lite for dei som treng mest hjelp?  Mange som er heilt åleina i livet kjem seg ikkje alltid ut på konsert og anna i desse dager.

Mange sitter forsatt heilt åleina.

For få stopper mobbing på gata..

i for eit par dager sidan las eg sak i tv 2 nyheitene sine nettsider, som gjor meg fyrst veldig veldig leie meg, men også litt glad på eit vis. Treningsbloggar Lars Zachariassen snakker om at han nyleg konfrontrerte noko som dreiv på med grov baksnakking og mobbing av andre på treningssenteret.

Eg er glad for at Zachariassen tek dette opp på bloggen sin og han er ein som tørr å konfrontera slik frekk baksnakking og grov mobbing. Noko me dessverre har for lite av er slike mennesker som faktisk tørr å stå opp for andre.

Les saka her : https://www.tv2.no/nyheter/10066772/

Blogginnlegget til Zachariassen Kan du lesa her:  http://www.larszachariassen.no/2018/09/04/3435/

 

 

Viktig å ta opp

Alt for mange der ute har akkurat slik holdningar Lars Zachariassen snakker om, og akkurat det slike treng å veta er at folk har øyrer og høyrer kva dei seier!
Dei bør få veta at dei ikkje åleina når dei snakker slik.

For å væra heilt ærleg skulle eg ynskja at eg var like tøff sjølv. Det har hendt eit par gånger livet mitt at eg har stoppa mobbing ute i gata. Ein episode fant stad utanfor skulen. Eg var på veg inn til skulen og var redd for at dei starta på igjen itte eg var gått, men følte det var viktig å visa at dei ikkje var åleina her. Eg tenkte selvfølgeligt mange gånger at eg kunne gjort meir, men eg var berre eit born.

I voksen alder har eg tenkt at eg var jo eldre en dei, at eg kunne tatt  mobbeofferet med inn i klassen sin eller tatt dei med meg til rektor. Det var innom tanken min, men rektoren på Bryne skule der eg gjekk den gången var lite sammarbeidsvillig elles når det gjaldt mobbing og når det galdt mobbing avviste ho alt.

På sosiale medier er eg ikkje redd, der seier eg meininga mi om det så er at eg får mange i mot meg, tenker eg ofte at dei ikkje treng å sitta åleina å tru dei kan slenga dritt om andre. Det kan var tøft å sei i frå til umodne vaksne som har ein «hogge» instilling, men det er nok derfor mange lar var om det er på facebook eller på gata.

Eg vonar at folk i framtida kan verta flinkare til å gi beskjed når nokon gjer noko som er alvorleg galt, for ein dag kan det vara du som treng hjelp.

Vonar at dette kan væra ei oppfordring til folk der ute: Var med og ta ansvar!

Veldig skuffa over folks haldninger

Det eg verte svært lei meg for er at det faktisk finnes folk både snakker og tenker stygt om andre dei berre ser gå på dei same plassane som dei sjølve. Både ute og på sosiale medier ser eg grove påstander og drittslenging.
Kor kjem slike holdninger frå?

Når eg er ute på ting sjølv kjem eg ikkje på å tenka frekke ting om folk. Eg tenker «flotte sko, så fin på håret, så kult han danser», og ikkje «gjer hu det ikkje litt feil, så lat, så fæle klær» osv og eg både håpar og trur at folk flest ikkje tenkar slik.
om eg er ute å går tur kjem eg ærleg talt ikkje på å tenka at nokon er late fordi går seint eller tar snarvegar. Det er slikt eg ikkje legg merke til eingång . .
veit folk som tenker slik kor langt vedkomande har gått eller hardt dei har trent før dei traff på han?

 

kvifor tenker mange så negativt kun av å sjå nokon ein gång eller to ?

Kvifor trekker folk i dagens samfunn så raskt så negative beslutningar om folk dei eigentleg ikkje veit noko om?

 

 

Elin, Stopp Mobbing!

Sjå på innsida av hjarta og ikkje på utdanning og pengar

Et smil, ei utstrakt hand, ei skulder å gråta på

Deling av opplevingar, tørre vitsar

 

Ein armkrok og latter. .

Eit vennskap er meir en å gå etter utsjånde, utdanning og penger

Mange der ute gjer dette, skiljar ut folk som er tykke,  lave, lyse og mørke

eller som ikkje har den eller den stillinga.

Har du mangel på skulegang er du lat, har du ikkje den stillinga «har du ikkje ambisjonar».

 

Strekk ut handa. .

Kva om nokon du  treffer, er åleine  og trenger di hjelp til å finne sin plass i livet.  Du kunne hjulpe dei å finna ut kva dei draumer om og mål dei kunne setta seg.

Det kan var ein jobb dei ynskjar å få, gi ut bok, starta bedrift, bli gode til å måla eller synga.

Kva om du heller kunne var den personen som fekk han opp og fram istaden for å forlata han?

Kanskje dei du føler er «late» eller «giddelause» berre er energifattige eller har alt for liten sjølvtillit til snakka om kva dei ynskjer og draumar om..

Kva om dei har blitt mykje mobba eller kritisert? då er dei kanskje ikkje så fulle av planar og idear .. kanskje dei i starten ikkje snakker så mykje, seier mykje «veit ikkje» eller seier at dei ikkje drøymer om noko .. sjølv om dei gjer det.

okei.. då må kanskje finna ut kva han liker, kva han er god til og gi han skrøyt.

Du kan hjelpa ei larve å bli ein sommerfugl, tenk på det! 

Gå etter kjemien, ikkje status ..

Å treffa nye folk kan vær ein utfordring for mange. Finn eit bra samtaleevne, det kan vær alt frå reiser,hobby Plutselig finner dykk flyten og finn ut at dykk har mykje til felles og same verdiar.

Dessverre har dei som går etter f.eks høg utdanning, populæritet og utsene når dei vel vener ..

Me både les og høyrer det overalt : » Eg skal ikkje nokon vener som ikkje har ein einaste tatoovering», » eg skal ikkje ha nokon vener som har vore borti rus», » skal ikkje ha vener som har ikkje har utdanning».

Bla bla bla..

Dømer du for snart kan du få vener, men kanskje ikkje det djupa vennskapet som du er ute etter . .                                                                              der du kan senka skuldrene, slenge beina på bordet og drita i om du seier noko dumt.

 

 

Det du vil  ha er gode vener som kan gi den trygge kjennsla.

Som er der for deg når du treng deira hjelp .. og som ikkje stikker når ting verte vondt eller keisamt.  Som gir deg srøyt, heier deg fram, som du kan le av dei mest idiotiske ting saman med.

Det er viktig å ha god kjemi og å kunna le godt ilag er nestan det viktigaste med tanke på kjemi.                                                                                                                                                                                                                                                      Derfor håpar eg du gir folk du til vanleg ville «valgt vekk» ein sjanse i framtida.  Legg vekk alle fordomar elles går du glipp av mange flotte folk som finnes der ut med verdens styrste kjærleik å gi..!

Kem veit, kanskje du treff blink !