Å satsa på mobbing er å satsa på jobb og utdanning.

Mobbinga påverkar skularbeidet direkte, men i tillegg:

Mobbinga påverkar søvn, dårleg søvn påverkar skularbeidet.

Mobbinga påverkar sjølvtilliten som påverkar skularbeidet.

Mobbinga påverkar energi og livsglede som påverkar skularbeidet.

Mobbinga påverkar konsentrasjonen som påverkar skularbeidet.

Mobbinga påverkar vilje og motivasjon til å læra.

Skularbeidet og elevane sin vilje til å læra påverkar utdanning.

Av å satsa på bekjempa mobbing er å satsa på utdanning av helsepersonell, lærarar, snekkara, kokker, ingeniører osv.

Det ingen tvil om at arbeidet mobbing bør trappas opp. Mobbing påverkar ikkje berre skulegangen,  men også kvardagen og livskvaliteten til dei som blir mobba.

Familie og spesielt foreldre og sysken av den som blir mobba i åravis blir påverka. Det blir smertefullt for alle når nokon ein er glad i blir utsatt for langvarig og grov mobbing.

Tar ikkje mobbingå på allvor

Mange forstår fortsatt ikkje heilt kva mobbing er. Dei veit kva mobbing er og synes mobbing er svært dumt, men har aldri opplevd mobbing på kroppen sjølv og derfor ikkje same oppfattning av kva mobbing faktisk og kva det gjer med kroppen.

Det kan vara grunnen til at mange ikkje ser viktigheten i å få bekjempa mobbing på same måte, og då også snarast mogleg. Dei veit det er vikig, men ikkje kor viktig og veit mobbing ikkje er bra, men kor fælt og smertefullt faktisk det er, veit dei ikkje.

Mange lærere, rektorar, politikere og andre andre som har makt til å gjer noko med det tar diverre ikkje mobbing nok på allvor.

Dei bruker så lang tid på diskusjonar foran handling. Kanskje fordi dei ikkje heilt forstår alvoret og viktigheten i å få dette gjort fort.

Viktig for framtida

Når det kjem til mobbing må ein handla snarleg og ikkje dilta med diskusjon og tafatte holdninger.

Mobbing er eit samfunnsproblem som rammer oss alle, men dessverre finnes dei som ikkje ser det frå den vinkelen då dei sjølve ikkje er blant dei blir mobba.

Mange forstår forsatt ikkje at mobbing har den kraften den har og at mobbing påverkar samfunnet vårt i stor grad som det faktisk gjer

Mobbing påvirker folkehelsa,  utdanning arbeidsplasser.  Det kan føra til fleire å hjelpa,  men mindre som kan hjelpa dei.

Problemer til å fylja stillingar då mange dropper ut og ikkje får utdanning,  andre må kanskje på trygd pga. fysiske / psykiske ettervirkninger av mobbing.

Tenk om dei som fått øydelagt livet og skulegangen av mobbing heller kunne fått starta bedrifter og skapt arbeidsplasser, utdanna seg til noko av me har hatt mangel på, jobba frivillig, hjulpet andre eller jobba  hjelpeapperatet.

Mange som kunne gjort noko nyttig for seg og samfunnet, er kanskje innlagt på psykiatrisk, lever på trygd eller får verken jobb/hjelp til jobb eller penger å leva av.

Mange må i tillegg etter hard skulegang utan å få hjelp også  i lang slosskamp mot systemet i etterkant for å få inntekter og/eller hjelp til å koma seg opp å fram.

Er det dette me vil? Er dette å ta landet framover? Her har Noreg ein jobb å gjer.

Skal me satsa på arbeid og utdanning, må me satsa på arbeid mot mobbing

Me må satsa på tiltak mot mobbing, bli ein heil del betre på hjelpa dei som av ulike årsaker sliter på skulen og i samfunnet opp og fram og ikkje minst på å hjelpa øydelagte/ sjuke vaksne med penger / jobb og fritidstilbud.

Det er mange årsaker til at folk treng hjelp og her har me ein veg å gå, men det er viktig at dette arbeidet prioriteres for samfunnet vårt og for enkelt menneskene.

 

Korleis få alle elevane gjennom skulen?

Må alle vara like og gjera likt?

Alle veit at ingen er like, me lærer ikkje likt og kan derfor ikkje forventa at alle skal greie skulen på same måte eller gjennom same opplegget.

Må det i det heile vara vanskeleg å gjennomføre?

Kan me klara å få til ein skule meir tilpassa elevane, måten dei lærer og måten dei er på?

Tunge og lange dagar

Når ein unge skal møta opp på skulen til same tidspunkt og gå heim på same tidspunkt, gjer dei same tinga og på faste dagar, sitta i same klasserom, og til same tid  kvar einaste dag og i mange år i frå 6 års alder, kan mange ungar oppleva det som svært slitsomt.

Det er den same tralten kvar veke, kvar månad år etter år til dei ferdig med vidergåande. Nokon seier – men det er likt for alle, men alle opplev det ikkje likt. For mange unger er det lange, tunge dagar og når dei kjem heim er det tunge lekser, kvar dag. Nokon ungar veit nestan ikkje kva fritid er då skulerutinen sliter dei ut og lekser tar fritida.

Det er bra at ein diskuterar leksefri skule osv. men det er er dumt for dei elevana som allereie sliter med dei lange dagane, at for å sleppe leksene skal skuledagen bli endå lengre.

Tidleg skuletrøyte

Mange blir skuletrøyte tidleg.

Det kan væra så mange tifeldigheiter som spelar inn om ein greier å fullføra skulegangen og kva karakterar ein får allikevel skal karakterane og skulegangen frå ei tid ein kan oppleva utfordrande blir feil. Ein er i uvikling, mange har det vondt, det er mykje som skjer fysisk og psykisk, venner og kjærestar kjem og går,mobbing, press, sjukdom, Mange ting er med å gjer livet til ein berg og dalbane. Denne berg og dalbanen kan påvirke skulengangen, karakterar og om du klarer utdanning. Dette er svært galt og me bør få forandringar som kan hjelpa elevane gjennom skulen om dei er på den eine eller andre måten.

For mange ungar opplever karakterpresset tungt og det kan øydeleggja heile skulegangen.

Det er ikkje nok å fullføra, ein må ha ein viss karakter for å koma inn på ein skule for bli det ein drøymer om, dette presset kan knekka ein. Å ikkje klara skulegangen eller ikkje få høge nok karakterar, betyr ikkje at du er dum, ikkje klok eller ikkje har kunnskap.  Det betyr heller ikkje at du har mindre kunnskaper enn dei med høge karakterer eller at du ikkje har kunnskap til klare det yrket du ynskjer å ha seinare i livet.

Denne einsformige rutina er tung for mange, så kjem karakterpresset utanom ein blir skuleleie og mange slutter å møta opp.

Denne tida i livet kan prega resten av livet.

Tenka nytt, tenka framover

Sjølv om ein byrjar på skulen bør ein forsatt få lov til vara barn. Skule skal ikkje øydelegga barndommen. Som det resurssterke landet me er bør me klara å skapa ein meir fleksibel skule som ser ungane sine behov og får dei opp og fram. Ingen er like, derfor bør skulekvardagen heller ikkje var lik for alle elevane. Kvifor er det så vanskeleg å klara å laga ein skule der elevane sin skulekvardag er oppsatt forskjellig? sidan dei alle er forskjellige.  Me må kunne klare å få elevane gjennom grunnskulen og vidare dei ynskjer å utan karakterpress, skulepress, hard rutine og mobbing.

Me som land treng at endå fleire får gode jobbar og for å klara det må me sjå elevane. Me treng å våga å tenka nytt.

 

 

 

 

Mange set forsatt heilt åleine. .

Det er bra at det er opna for sosiale samenkomster slik at vener kan møtast ute igjen, men er det nokon som har tenkt på dei som ikkje har vener?

Einsemd kan ramma alle

Mange mennesker kan bli einsame, mange kan leva i einsemd lenge. Nokon har psykiske eller fysisk utfordringer, andre har ingen slike utfordringer og er friske på alle måter. Du kan leva i mange år var populær og mange venner, nokon år seinare set du der heilt åleine uten nokon år ringa når du treng det.

Einsemd kan ikkje planleggast.

                                «Folk kan ringa og bestilla bord, men dei som ikkje nokon å ringa til?»

Mange er einsame då det helst er opna for bordbestilling for vener/ familie.

Då reglene er så strenge at ein mange stader ikkje har lov å gå bort til nabobordet å snakke, er det ikkje mykje for dei som er heilt åleine å gå ut på, ikkje for dei som går ut for å treffa nye folk. (Frammande kan fint dela bord dersom ein vasker hendene, held avstand og sitter ved større bord)

 Saknar tiltak

Kva tiltak har blitt gjort for å hjelpa desse? Eg har ikkje sett dei har opplyst om noko slik. Folk kan ringa og bestilla bord, men dei som ikkje nokon å ringa til? Har noko satt igang tiltak der frammande kan møtast ute? eller møtast andre andre stader gjer noko ilag under smittevernstiltak? kanskje bli nok kjent til å ringa eller var på skype i saman..

Nokon er også fysisk eller psykisk sjuke eller har spesielle behov og sosiale samvær er svært viktig del av kvardagen. Mange sliter pga. desse strenge tiltaka og mange får ikkje den hjelpa eller dei sosiale samværa dei treng for ha det greit i kvardagen.

Dei har klart å få folk på jobb og skule, dei har opna restauranter og puber, ja konserter til og med. Kvifor gjeres det så lite for dei som treng mest hjelp?  Mange som er heilt åleina i livet kjem seg ikkje alltid ut på konsert og anna i desse dager.

Mange sitter forsatt heilt åleina.