Les denne etterpå: Mobbing og trakassering etter skuletid? Kva så?
Eg blir både sint skuffet og irritert når eg las i jærbladet her i veka om den 15 år gamla guten som ikkje får vara med på tur med klassen til Polen av andre elevar sine foreldre som står bak den avgjeringa ikkje berre at det skjer, men også måten det skjer på. Denne guten har altså vore med på 2 års planleggjing og pengeinnsamling til denne turen og guten og foreldrene hans får ikkje veta noko før no, kort tid før turen skal skje ..
At «voksne» mennesker kan «rotte seg » sammen på denne måten og berre bestemme at denne guten (som det står i Jærbladet) ikkje vil klare å følge opplegget som var lagt til turen fordi han ikkje følger vanleg skulegang når foreldrene som kjenner guten sin seier han kunne det og at det hadde gått greit med følge frå støttekontakt. Dette blir å spenna ein som ligger nede.. og knusa hjarta til ein ung tenåring
Føleseslaust og råttent
Dei som har teke denne avgjera burde sjems spør du meg, har dei kjensler? forstår dei ikkje at denne guten har gleda seg til denne turen? kva om det var dei som plutseleg fekk beskjed om at deira born ikkje fekk vara med ?? Det er lov å bruka hovudet !! og kva med Ordfører Ane Mari Braut Nese Klepp sin ordførar, Trond roy pedersen skulesjefen, rektoren Marit Sørensen ved klepp ungdomskule har alle svart for angåanda saka ( ifølge Jærbladet ) at dei ikkje kan gjer noko med dette eller meina noko om det sia det er ein sak utanfor skulen ..
Eg har skreve om mobbing utafor skulen før og kvar feil eg meinar det er at dei i blant anna stillingange til dei overnevnte ikkje kan gjera noko med saker som det så lenge det er elevar eller i dette tilfelle foreldre til elevar frå same skule som utfører mobbinga og utestengjinga av medelev. Trur dei at det er greit bare for at dei ikkje er plikta å gjer noko?
Nei, i mine auge er dette kun ein slakk unnskyldning for å sleppa ansvar både i denne saka og i alle andre saker kvar mobbing skjer utenom skulen, mi meining også at om dei ikkje vil gjer noko slike saker er dei ikkje kompetente til å sitte i denne stillinga. Det burde dei ha hjarta til..
Nye reglar må på plass
Når elevar blir mobba av medelvar på fritida, til og frå skulen burde det vore av for eksempel lærarar si interesse å årdne opp? og om born blir mobba av elevar på ein anna skule burde lærarane på kvar skule snakka samen og samarbeide om å få slutt på dette . Dette er jo òg med på at borna gruer seg til å gå på skulen og når «ingen» kan gjer noko blir dette store problemet oversett of feid under teppet For noko må gjerast på dette området me kan ikkje berre oversjå slike ting lenger!
for når dei skulder på at dei ikkje kan gjer noko, kven med makt kan då i desse tilfellene gjer noko?
Det motiverar ikkje elaver med stort fråvær og komma tilbake på skulen når dei skal bli utestengt frå kjekke aktivitetar, det har eg erfart sjølv eg hadde stort fråvær grunna grusom mobbing då eg kom på skulen prøvde lærarane å stenga meg ute frå forskjellige ting i skulen med den unnskyldning at eg hadde stort fråvær HALLO !! dette er å stenge dei elevane ute ennå meir, ekskludera dei som ei slags «straff» for at dei ikkje har komme på skulen. Då blir dei jo ennå meir utafor..
Det burde det var ulovleg og stenga nokon utanfor i klassen enten i eller etter skuletid så sant det ikkje er nokon som er frekke og øydelegger for andre så klart slik som ved selskap då har skulen ein alle eller ingen-regel sjølv om dette også er på fritida og foregår i private heimar, foreldre får skjenn om dei ikkje følger dei reglane.
Les også denne: Mobbing og trakassering etter skuletid? kva så?