Må alle vara like og gjera likt?
Alle veit at ingen er like, me lærer ikkje likt og kan derfor ikkje forventa at alle skal greie skulen på same måte eller gjennom same opplegget.
Må det i det heile vara vanskeleg å gjennomføre?
Kan me klara å få til ein skule meir tilpassa elevane, måten dei lærer og måten dei er på?
Tunge og lange dagar
Når ein unge skal møta opp på skulen til same tidspunkt og gå heim på same tidspunkt, gjer dei same tinga og på faste dagar, sitta i same klasserom, og til same tid kvar einaste dag og i mange år i frå 6 års alder, kan mange ungar oppleva det som svært slitsomt.
Det er den same tralten kvar veke, kvar månad år etter år til dei ferdig med vidergåande. Nokon seier – men det er likt for alle, men alle opplev det ikkje likt. For mange unger er det lange, tunge dagar og når dei kjem heim er det tunge lekser, kvar dag. Nokon ungar veit nestan ikkje kva fritid er då skulerutinen sliter dei ut og lekser tar fritida.
Det er bra at ein diskuterar leksefri skule osv. men det er er dumt for dei elevana som allereie sliter med dei lange dagane, at for å sleppe leksene skal skuledagen bli endå lengre.
Tidleg skuletrøyte
Mange blir skuletrøyte tidleg.
Det kan væra så mange tifeldigheiter som spelar inn om ein greier å fullføra skulegangen og kva karakterar ein får allikevel skal karakterane og skulegangen frå ei tid ein kan oppleva utfordrande blir feil. Ein er i uvikling, mange har det vondt, det er mykje som skjer fysisk og psykisk, venner og kjærestar kjem og går,mobbing, press, sjukdom, Mange ting er med å gjer livet til ein berg og dalbane. Denne berg og dalbanen kan påvirke skulengangen, karakterar og om du klarer utdanning. Dette er svært galt og me bør få forandringar som kan hjelpa elevane gjennom skulen om dei er på den eine eller andre måten.
For mange ungar opplever karakterpresset tungt og det kan øydeleggja heile skulegangen.
Det er ikkje nok å fullføra, ein må ha ein viss karakter for å koma inn på ein skule for bli det ein drøymer om, dette presset kan knekka ein. Å ikkje klara skulegangen eller ikkje få høge nok karakterar, betyr ikkje at du er dum, ikkje klok eller ikkje har kunnskap. Det betyr heller ikkje at du har mindre kunnskaper enn dei med høge karakterer eller at du ikkje har kunnskap til klare det yrket du ynskjer å ha seinare i livet.
Denne einsformige rutina er tung for mange, så kjem karakterpresset utanom ein blir skuleleie og mange slutter å møta opp.
Denne tida i livet kan prega resten av livet.
Tenka nytt, tenka framover
Sjølv om ein byrjar på skulen bør ein forsatt få lov til vara barn. Skule skal ikkje øydelegga barndommen. Som det resurssterke landet me er bør me klara å skapa ein meir fleksibel skule som ser ungane sine behov og får dei opp og fram. Ingen er like, derfor bør skulekvardagen heller ikkje var lik for alle elevane. Kvifor er det så vanskeleg å klara å laga ein skule der elevane sin skulekvardag er oppsatt forskjellig? sidan dei alle er forskjellige. Me må kunne klare å få elevane gjennom grunnskulen og vidare dei ynskjer å utan karakterpress, skulepress, hard rutine og mobbing.
Me som land treng at endå fleire får gode jobbar og for å klara det må me sjå elevane. Me treng å våga å tenka nytt.